Fjordvarme og Nordplan har oppdrag for både offentlege og private kundar. Vi tilbyr rådgjeving knytt til prosjektadministrasjon, prosjektering og drift av energianlegg, fornybare energiløysingar, energibruk i bygg og VA-anlegg. Vi ønskjer å finne dei beste og mest fleksible energiløysningane for våre kundar og vere landsledande innan rådgiving knytt til lavtempererte energianlegg. Vi skal vere uavhengig i høve til entreprenørar og leverandørar.
Om Fjordvarme
Dette er oss
Vår historie
Selskapet vart etablert i 2004 med dåverande Eid kommune som eigar. Sidan oppstarten i 2004 har selskapet drifta og utvikla fjordvarmeanlegget på Nordfjordeid og vore rådgjevar for utbygging av fleire andre fjordvarmeanlegg andre stader i Noreg. Frå våren 2015 har Nordplan AS vore marjoritetseigar. 01.01.2023 vart rådgjevar delen overført til Nordplan AS.
Magne Hjelle var med som dagleg leiar frå 2007 til juni 2024
Arild Lote Henden er tilsett som dagleg leiar frå juli 2024.
Forretningsidé
Fjordvarme AS er ein uavhengig rådgjevar som leverer tenester knytt til utvikling og bruk av fornybar energi.
Kunnskap og Verdiskapning
Det kompetansebaserte arbeidet vi utfører ved å skape gode framtidsretta, økonomiske, fornybare og funksjonelle løysingar, representerer ei vesentleg verdiskaping i eit prosjekt. Difor er vårt arbeid viktig og vi tek fagleg kompetanse på alvor.
Kompetent planlegging krev kunnskap og lang erfaring. Slik kompetanse har vi fått gjennom eit stort mangfald av oppdrag, dyktige medarbeidarar og samarbeidspartnerar. Vi har god kunnskap om offentleg sektor og tek ansvar for miljø og heilskaplege løysingar. Denne kunnskapen gir oss eit godt utgangspunkt for å løyse problemstillingar der fleire partar er involverte.
God form og teknikk er avgjerande for å redusere utbyggingskostnader og framtidig behov for vedlikehald. Kvalifisert rådgjeving er spesielt viktig i startfasen av eit prosjekt. Fleirfagleg samarbeid i denne fasen, er avgjerande for å oppnå dei beste løysingane.
Vår breie faglege tilnærming skal sikre optimale løysingar. Gjennom god utforming og rett materialbruk reduserer vi framtidige drifts- og vedlikehaldskostnader.
Ein del av eit konsern
Fjordvarme og Nordplan er samlokalisert i felles kontorlokale på Nordfjordeid. Saman dekker vi eit breidt kompetansefelt for rådgjeving, prosjektering og drift av bygg, infrastruktur og energianlegg.
Vidare utvikling av tenester og kompetanse for Fjordvarme vil skje i Nordplan. Samla er det i dag 10 energirådgjevarar.
Nordplan har avdelingskontor i Førde, Ålesund, Søre Sunnmøre, Vågå og Lillehammer.
Miljøfyrtårn
Vi har vore Miljøyrtårn-sertifisert sidan juli 2015. Siste tilgjengelege årsrapport finn du her.
Miljøfyrtårn er ei nasjonal miljøsertifisering for små og mellomstore organisasjonar. Miljøfyrtårn er Noreg sitt mest brukte sertifikat for verksemder som vil dokumentere sin miljøinnsats og vise samfunnsansvar. Å vere Miljøfyrtårn inneber systematisk arbeid med miljøtiltak i kvardagen. Verksemder oppfyller krav og gjennomfører tiltak for ei meir miljøvennlig drift og godt arbeidsmiljø.
Medlemsskap
Selskapet er medlem av Norsk Fjernvarme (NFV) og Norsk Varmepumpeforening (NOVAP).
Stad Kommune har i dag stor teknologisk kompetanse og eit av dei største kompetansemiljøa i Vestland fylke innanfor elektro/automasjon. Dette i tillegg til vårt innovative konsulentmiljø innan enøk/fornybar energi som har delteke på utviklinga av Noregs største fjordvarmeanlegg. Stad er nylig utpeikt som ei av seks klimapilotkommunar i Noreg for si systematiske satsing på fornybar energi over mange år.