Drift av kundeanlegg ved Fjordvarmeanlegget på Nordfjordeid
Siden fjordvarmeanlegget vart bygget har Fjordvarme drifta og jobbar kontinuerleg med optimalisert anlegga.
Rimeleg energi
Stad kommune (tidl. Eid) hadde behov for å redusere energikostnader for eigne bygg. I forprosjektfasen såg vi at også andre byggeigarar kunne få dei same fordelane.
I enøksamanheng tenkjer vi oftast på energikostnader knytt til oppvarming, men også kjøling kostar. Varmen sommartid er eit problem i svært mange bygg og har negativ innverknad på det fysiske arbeidsmiljøet, med redusert trivsel og effektivitet som resultat. Fjordvarmen kan levere denne kjølinga og dermed betre innemiljøet betratleg på sommaren.
Hovudprinsippa er å føre lavtemperert vatn frå 50 meters djupne i Eidsfjorden til lands og overføre energi ved varmeveksling mot ein vasskrets. Vasskretsen fører vatnet rundt i Nordfjordeid sentrum, med stikkleidningar til dei bygningane som vert abonnentar. Temperaturen i sjøen gir gunstige høve for oppvarming ved hjelp av varmepumper og direkte kjøling av ventilasjonsluft. I tillegg kan fjordvarmerøra nyttast til å bli kvitt overskotsvarme.
Samarbeidspartanarar
Når vi først skulle sette i gang omfattande graving i Nordfjordeid tettstad, meinte vi det var viktig å tenkje langsiktig på alle typar infrastruktur. I fjordvarmegrøftene er det også lagt trekkerøyr for fiber for ulike aktørar og på nokre strekningar høgspentkablar, vatn- og avløpsrør. Alle medaktørane betaler grøftebidrag med ein kostnad som ligg under kostnaden ved separat utbygging. I tillegg til effektiv legging blir arbeidet også synkronisert med opprusting av infrastrukturen i sentrum, som t.d. opprusting av Eidsgata (hovudgata), oppgradering av sjøfronten i Sjøgata og bygging av fortau i Skulevegen og langs Fargarelva.
Fjordvarme AS har eit nettverk av samarbeidspartnarar som har vore med på pilotprosjektet, ”Fjordvarmeprosjektet” på Nordfjordeid. Samla sett har vi ein særs god kompetanse for å kunne bygge ut og drifte tilsvarande anlegg andre stader.